Studierådgjevar (vikariat) ved Senter for vitskapsteori og Senter for kvinne- og kjønnsforsking
Company:
Location: Vestland, Norge
Salary: 615700 - 667700 per year
Employment Type: Heltid
Job Description
Studierådgjevar (vikariat) ved Senter for vitskapsteori og Senter for kvinne- og kjønnsforsking
Location: Vestland, Norge
Company:
Salary: 615700 – 667700 per year
Date: 2024-09-22
Jobbtittel: Studierådgjevar (vikariat) ved Senter for vitskapsteori og Senter for kvinne- og kjønnsforsking
Selskap:
Jobbbeskrivelse
Studierådgjevar ved Senter for vitskapsteori og Senter for kvinne- og kjønnsforsking (vikar)Vi ønskjer deg velkomen som søkjar til eit vikariat i 100 % stilling som rådgjevar ved Senter for vitskapsteori (SVT) og Senter for kvinne- og kjønnsforsking (SKOK) frå 01.11.2024 til 01.11.2025. Forlenging av perioden kan bli aktuelt.SKOK og SVT er samlokaliserte i Parkveien 9 og har felles administrasjon. Sentra har til saman nærare 40 tilsette og har eit breitt spekter av aktivitetar innan undervisning, forsking og formidling. Les meir om sentra her:
- Senter for vitenskapsteori | Universitetet i Bergen (uib.no) (https://www.uib.no/svt)
- Senter for kvinne- og kjønnsforskning | Universitetet i Bergen (uib.no) (https://www.uib.no/skok)
Den som blir tilsett har ei viktig rolle for masterprogrammet i berekraft (https://www.uib.no/studier/MAHF-SDG) og for administrativ oppfølging av forskerutdanninga ved sentra. Studierådgivaren vil vere ein sentral støttespelar i arbeidet med rekruttering av studentar og sikre at studentane gjennomfører sitt planlagde studium.Arbeidsoppgåver
- Studieadministrativ oppfølging av masterprogram i berekraft
- Saksbehandling i studierelaterte saker
- Timeplanlegging og eksamensadministrasjon
- Studierettleiing
- Informasjons- og formidlingsarbeid inkludert webinformasjon
- Internasjonalisering og studentmobilitet
- Sekretær for programstyret
- Utdanningsfaglege utgreiingar knytt til etablering, evaluering, utvikling og kvalitetssikring av studieplanar og -emne
- Oppfølgjing av studentar i praksis og kontakt med praksisvertar
- Studieadministrativ oppfølging av forskarutdanninga ved sentra, inkl. oppfølging av eigne stipendiatar
- Støtte til aktuelle forskings- og utviklingsprosjekt innan utdanning
Alle tilsette i administrasjonen vil, i tillegg til spesifikke funksjonar lagt til stillinga, måtte ta del i andre administrative oppgåver. Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.Næraste overordna er administrasjonssjefen.Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Mastergrad (lang relevant praksis kan i særskilte høve kompensere for manglande formell utdanning)
- Det blir lagt vekt på relevant praksis, god administrativ it-kompetanse og kjennskap til det studieadministrative Felles studentsystem (FS)
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på både bokmål, nynorsk og engelsk.
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Strukturert og sjølvstendig,
- Fleksibilitet og sørvisinnstilling
- Evne til prioritering og orden i periodar med stort arbeidspress
Det vil bli lagt stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.Vi tilbyr
- Stilling som rådgivar (kode 1434 tilsvarande lønssteg 63 – 68 (for tida kr 615 700 – 667 700) i full stilling. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn.
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit spennande fagmiljø
- Kompetanse- og karriereutvikling
- Samarbeid gjennom nettverk
- Fleksibel arbeidstid og gode velferdstilbod
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse som inneber ei god tenestepensjonsordning, og dessutan tilbod om bustadlån til gunstig rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til administrasjonssjef Tone Lund-Olsen på telefon 55 58 33 12, eller ved e-post tone.lund-olsen@uib.noMangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Den som vert tilsett, må rette seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.Søknad og CV skal sendast elektronisk via link på den sida «SØK STILLINGEN». Kopi av vitnemål og attester og kontaktinformasjon til minst to referansar skal vedleggjas søknaden.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).Om arbeidsgiverenUniversitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.Det humanistiske fakultet består av fire institutt og fire senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Christiesgt. 18, 5020
- Bransje:
, * Stillingsfunksjon:
,